Ferdige konsept

Skattekistene

Barneteater for 4-8 åringar. Tid: 30-45 min.

Eg har med meg tre skattekister. I desse kistene har eg mange rekvisita. Når ein vaksen plinger på triangelet bestemmer barna kva for ei kiste eg skal opne. I frå denne hentar eg fram ein ting som leier historia vidare.

Når historia er ferdig får barna kome fram og sjå i kistene. Dei plukkar seg ein ting kvar. Ut i frå desse tinga, som dei får sitje og halde på, diktar eg ei ny historie.

Diktarglede

Dikte eventyr saman med 6-12 åringar. Tid: 1-3 timar.

Saman med elevane diktar eg ei historie. Me byrjar med å lage universet historia foregår. Dette skjer ved at kvar elev får seia kvar sine ting som er i dette universet, og så teiknar eg det med enkle strekteikningar. Deretter får dei kome med forslag på kven som held til her.

Når dette er på plass, byrjer eg å stelle spørsmål og ut frå svara startar historia. Eg stoppar ofte opp og let barna få bestemme retninga på historia: Kva skjer no? Korleis reagerer figurane? Det er dei som kjem med løysingane på utfordringar som dukkar opp.

Nisseland

Eventyrstund med allsong (jul). 5-10 år. Tid: 45 min. 2 utøvarar.

Nissejenta Mitra har mange historier frå Nisseland ho har lyst å dele med barna. Mellom kvar historie får barna vere med og syngje kjende julesongar som t.d. På låven sitter nissen og Rudolf er rød på nesen.

     20140926-DSC_0638    20141116-2014-11-16 10.52.35
 Skattekistene                                               Diktarglede                                                        Mitra
 

Songar gjennom livet

Song- og forteljarstund for pensjonistar/vaksne. Tid: 55 min. 2 utøvarar.

Gjennom kjende songar og sjølvskriven forteljing følgjer me ei kvinne frå ho er ei lita jente, gjennom ungdom, forelsking og rastlausheit, til giftarmål, familieforauking og like inn i alderdomen. Me får glimt av fest og fortviling, sjukdom og kvardagsgleder. Nokre songar er allsong, nokre er solo.

Introduksjon Songar gjennom livet

Songar frå hjartet

Song- og forteljarstund for vaksne/pensjonistar. Tid: 45 min. 2 utøvarar.

Edel formidling deler tankar rundt kjende songar frå ulike hendingar i livet. Det er mykje fokus på det daglegdagse, samt tankelivet. Nokre songar er allsong, nokre er solo.

 

Jul i ord og tonar

Song- og forteljarstund for pensjonistar/vaksne. Har kristent bodskap. Tid: 45 min. 2 utøvarar.

Med fokus på dei kjære, kjende julesongane tek Edel formidling tilhøyrarane med på ei reise attende i tid. Me mimrar over jula slik ho var før, samt ser på jula sitt glade bodskap. Nokre songar er allsong, nokre er solo.

Introduksjon Jul i ord og tonar