Historieformidling

Lesestund

a) Vanleg høgtlesing av bøker. Innleving gjennom stemmebruk.
b) Levandegjering av bøker. Tek i bruk kostyme og rekvisita. Innleving gjennom stemmebruk og drama.

Forteljarstund

a) Fortel ei historie utan manus. Sjølvdikta eller kjende historier.
b) Knyt kjende songar saman gjennom sjølvdikta historie. Marit spelar piano og Pete syng. Nokon songer er allsong, andre er solosongar.
c) Diktar ei historie på sparket ut i frå ord publikum kjem med.
d) Lage ei historie saman med barna/ungdomen gjennom å stille dei spørsmål: Dei bestemmer kven, kva, kor og kva for noko som skal skje, eg fyller inn resten gjennom fridikting.

Teaterforestilling

Marit, Kirsti og / eller Pete har teater for små og større barn. Det kan vere ferdige forestillingar, bestillingsverk eller improvisasjonsteater.