Kven

Nokon av andleta i Edel formidling

Marit Daniella Nesse er gründaren og leiaren for Edel formidling. Ho er utdanna dramapedagog med  manusskriving og kristendom som ein del av bacheloren. Marit likar å formidla og å skapa – vera kreativ.

Ungdom er hjartebarnet hennar, men ho elskar å arbeide med og for menneske uansett alder. Drama er ei stor glede i livet, og ho frydar seg kvar gong ho arbeidar med og gjennom drama.

Marit står gjerne på scena, men enno meir likar ho å stå foran som regissør. Ho skriv manus og lagar konsepter på bestelling samstundes som ho heldt på med eigne prosjekt. Marit nyter å få leve draumen der ho kombinerer dei største tinga i livet.

Tidlegare har Marit arbeida som dramalærar på folkehøgskule og kulturskule, vore barne- og ungdomsarbeidar i det Norske Misjonsselskap og menighetsarbeider i ei metodistkyrkje. Ho har òg hatt vikariatar som kateket og menighetspedagog i Den Norske Kyrkja.

 

PetePer Håkon Hjellum er sangar og skodespelar, far til tre og lukkeleg gift med Anette. På fritida er Pete lovsangsleiar i Kristent Fellesskap, syng i bryllaup og gravferd, og er med i teatersamanheng så ofte han kan.

For Pete er sang eit viktig reidskap for å nå menneskehjarter med glede, men også med trøyst og oppmuntring. Drama er ein moro måte å spreia latter, samstundes som det er eit godt verktøy til å arbeide med alvorlege ting. 

Pete har arbeidd med barn og ungdom i mange år, mellom anna i barnehage og barneskule, samt som støttekontakt.

Det er godt å ha ein sterk mann på laget når ting skal løftast og bærast, men det beste med Pete er det gode humøret og humoren. Det er alltid mykje latter når nytt repetoar øvast inn.

Kirsti Mjøs er barnehagelærar med dramaeining i utdanninga. Ho har ein klovn i magen og spilloppar i blodet. Kirsti arbeider i barnehage og er engasjert i barne- og ungdomsarbeidet i menigheita si.

I fem år spela Kirsti i det musikalske dramaet Salhus Trikotasjefabrikk, og dei siste seks åra har ho vore fast inventar på Hjelmåsrevyen. Kirsti elskar å leike seg i ulike rollefigurar, og ho tek utfordringar på strak arm, anten det er snakk om karakterarbeid, sang eller dans.

Det er godt å ha ei med teknisk og praktisk innsikt på laget, ei som ikkje gjer seg før ho har funne ut det ingen av oss har skjønt. Kirsti står på med godt humør og ein positiv staheit.

 

Ragnhild Andvik er lærarstudent og gift med Marius. Ho har alltid vore glad i musikk, dans og drama, og er generelt kreativ både innan kunsten og på praktiske løysingar. I tillegg er Ragnhild teknisk av seg og til stor hjelp når ein treng hjelp til filming, redigering eller ting som har med internett å gjere. På Bildøy Bibelskule gjekk Ragnhild på Film og TV linja, der ho fekk utvikle seg enno meir i det ho er så glad i å gjere; skape historiar. Hennar store draum er å verte regissør ein dag, men for tida satsar ho først og fremst på læraryrket. Saman med to andre driv ho barnelaget på Årås bedehus, der ho brukar drama for å levandegjere bibelforteljingar for barn.

Ragnhild er god å ha når konsept skal utviklast og manus skrivast. Det er alltid godt å kaste ball med denne kvinna her!

 

Ove_5Ove I. B. Danielsen har gjennom enkeltmannsforetaket sitt OVEMUSIKK vore aktiv i Nordhordland og bergensområdet sidan våren 2014.

Ove er mykje brukt som sangar/pianist i begravelsar, men òg som akkompagnatør på sjukeheimsfestar, bryllaup, møter, julekonsertar samt korakkompagnatør. Han har òg vore bandleiar i kyrkjeleg- og bedehusregi. Ove har eit svært allsidig repertoar; alt frå vise og pop, via salmar og kristne sangar – til klassisk og jazz. No arbeidar han òg som organistvikar i Lindås kommune. Flygel er hovudinstrumentet.

Ove har sunge og spelt offentleg i ulike samanhenger i ca 25 år. I 2008 kom han med plata «I et annet lys», der mykje er eige stoff. Den er å få tak i via Ove på ovemusikk@gmail.com.