Workshops

Tekstlesing eller talekurs

Gjennom samtale, praktiske øvingar og tilbakemeldingar får ein hjelp til å utvikle seg i samband med lesing av tekster eller halde tale.

Forteljarkunst

Utvikle evna til å fortelje kjende historier, samt øve seg i å fortelje eigne historier.

Drama

Vaksne: Gjennom dramaøvingar får ein reiskapar ein kan bruke i barne- og ungdomsarbeid, anten det er idèar til leikar eller formidling på klubb eller alternative måtar å undervise i skulen på.

Barn: Sleppe seg fri i trygge ramer, få utfordringar gjennom leik. Utvikle kreativitet gjennom samspel og samarbeid.

Kreativ formidling

Få idèar ut frå dømer, teste ut metodar, arbeide med å utvikle eigne idèar, få tilbakemelding på eige arbeid.

Teater

Utvikle seg som skodespelar, arbeide med manus, arbeide med å lage teater utan manus.

Teatersport

Gjennom improvisasjon får ein utvikle kreativitet, øve seg i samspel og auke trua på eigne idéar. Teatersport er først og fremst for eiga læring og styrking av gruppesamhald. Dersom gruppa kjem dit hen at dei ønskjer å opptre, ordnar me det!

 

2014-06-21 13.26.31           LHK_0365  LHK_0515