Ferdige konsept

Skattekistene

Barneteater for 5-10 åringar. Tid: 45 min. Anbefalt antal publikumarar: 30-60. 100 går greit. Dagspris: 7.500 kr Inntil 3 forestillingar pr dag.

Me rigger full scene der tre skattekister står i sentrum. Når det plingast på triangelet, peiker alle barna på ei kiste. Den kista som flest peikar på, vert opna og ein figur eller gjenstand vert tatt opp. Barna bestemmer kva eller kven dette er og kan. Jamleg stoppar me opp og spør barna: Kva skjer no? Kvar einaste forestilling er heilt unik. Historia er like ny for skodespelarane som for publikum.

      

Diktarglede

Dikteworkshop for 6-14 åringar. Tid: 2,5 time. Anbefalt antal deltakarar: 10-30 stk. Dagspris: 3.000 kr for berre Marit, 5.000 kr for Marit og Daniel. Kan ha to for dagen.

Saman med elevane diktar Marit ei historie. Me byrjar med å lage universet historia foregår. Dette skjer ved at elevane kjem med ting som er i dette universet, og så teiknar Marit det med enkle strekteikningar, eller den proffe teiknaren Daniel lagar flotte illustrasjonar. Deretter får dei kome med forslag på kven som held til her. Desse figurane vert også teikna.

Når dette er på plass, byrjer Marit å stille spørsmål og på grunnlag av svara startar historia. Ho stoppar ofte opp og let barna få bestemme retninga på historia: Kva skjer no? Korleis reagerer figurane? Det er barna som kjem med løysingane på utfordringar som dukkar opp. Dette er deira historie.

Som avslutning skriv alle barna ned historia. Dei kan velje mellom å gjenfortelje ho med eigne ord eller dikte fortsetjinga. Alternativt kan dei teikne det dei likte best ved historia eller lage teikneserie.

 

Mitra frå Nisseland

Barneteater for 5-10 åringar. Tid: 45 min. Ubegrensa antal. Dagspris: 5.500 kr. Inntil tre forestillingar for dagen. 

Ruben får hjelp av dei han møter på sin veg til å finne Nisseland. Dit vil han for å få med seg nissen Mitra med til menneskeverda, så han kan bevisa for dottera Ronja at nissar finns. Dersom han kjem heim med Mitra, skal ikkje Ronja bruke skjerm på ein månad. Kjem han utan henne, får Ronja bruke så mykje skjerm ho vil i ein månad.

Dette er ei forestilling der barna er med og syng julesongar, samt hjelper Ruben med å løyse oppgåvene han får ved å kome med forslag frå sidelinja.

Songar gjennom livet

Song- og forteljarstund for pensjonistar / vaksne. Tid: 50 min. 5.500 kr.

Gjennom kjende songar og sjølvskriven forteljing følgjer me ei kvinne frå ho er ei lita jente, gjennom ungdom, forelsking og rastlausheit, til giftarmål, familieforauking og like inn i alderdomen. Me får glimt av fest og fortviling, sjukdom og kvardagsgleder. Nokre songar er allsong, nokre er solo.

Trailer Songar gjennom livet

Songar frå hjartet

Song- og forteljarstund for vaksne / pensjonistar. Tid: 45 min. Pris: 5.500 kr.

Edel formidling delar tankar rundt kjende songar frå ulike hendingar i livet. Det er mykje fokus på det daglegdagse, samt tankelivet. Nokre songar er allsong, nokre er solo.

Jul i ord og tonar

Song- og forteljarstund for vaksne. Tid: 45 min. Pris: 5.500 kr.

Med fokus på kjære, kjende julesongar tek Edel formidling tilhøyrarane med på ei reise i desember. Nokre songar er allsong, nokre er solo.

Trailer Jul i ord og tonar